Ønskjer å melda forholdet: Billettkontrollør vil melda passasjer etter ein episode på ein buss i Os tysdag kveld.

– Billettkontrollør vart dytta og slått av passasjer

Politiet i Os vart kontakta etter ein episode mellom ein billettkontrollør og ein passasjer på ein buss i Os tysdag kveld.

Hendinga fann stad klokka 20.17. Passasjeren skal ha løpt i retning Oseana, etter at han ifølgje politiet skal ha dytta og slått billettkontrolløren.

– Alt var ikkje heilt som det skulle med billetten til passasjeren. Billetten skal ha blitt kjøpt for seint. Billettkontrolløren har sagt at han vil melda forholdet i dag, opplyser politioverbetjent ved Os lensmannskontor, Anne Lyssand.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tidlegare på dagen, klokka 15.31, fekk politiet melding om «håndgemeng» i nærleiken av restauranten Ilya på Osøyro. Det skal ifølgje Lyssand ha vore usemje mellom eitt par og ein annan kar.

– Det står ingenting om kva usemja gjekk ut på. Det var ingen på staden som ønskte å forklara seg, eller å melda forholdet. Dermed vert det heller ikkje noko sak ut av det, seier Lyssand og opplyser at personane er kjent av politiet frå før.

Politioverbetjenten fortel også om ein bil som har stått feilparkert ved Nordstrøno barneskule sidan søndag. Fleire har meldt frå om bilen.

– Vi har fått tak i eigar. Eigar fortalte om motorproblem, men lova å fjerna bilen i løpet av gårsdagen, så det håpar eg at er gjort, seier Lyssand.