Sjukdomen kravde sitt første liv i kommunen: Ein person døydde som følgje av koronaviruset laurdag.

Bjørnafjording tapte kampen mot koronaviruset

– Familien skal få all hjelp og støtte dei ønskjer frå kommunen, seier ordførar Trine Lindborg.

Ordførar Lindborg stadfestar at ein mann frå Bjørnafjorden kommune tapte kampen mot covid-19.

– Tankane mine er hos dei som har mista sin kjære, og dei vanskelege dagane og tida dei no går inn i, og skal gjennom. Eg vil uttrykka medkjensle med familien. Dei skal få all hjelp og støtte som dei ønskjer frå kommunen, seier Lindborg og legg til:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg vil samstundes be pressa visa respekt og aktsemd overfor dei pårørande.

Ordføraren kan av personvernomsyn, ikkje svara på om mannen var i risikogruppa, alder eller om han hadde kjempa mot viruset i lang tid.

– Er det nokon i kommunen som no er kritisk sjuke av covid-19?

– Ikkje som eg kjenner til, seier Lindborg.