Olav Botnevik og Silja Døsen Moberg er samde om at det er ekstra stas å få tilgang til kortreist og lokalprodusert mat.
Olav Botnevik og Silja Døsen Moberg er samde om at det er ekstra stas å få tilgang til kortreist og lokalprodusert mat.

#Bjørnafjordlandskap: – Godt med matjord er ein føresetnad for kortreist mat

Osøyro Kolonial samarbeider med mange små produsentar i Noreg. – Utan bøndene blir utvalet vårt langt dårlegare, seier Silja Døsen Moberg.

Ho og kolonialen står for premiekorga til siste runde av fotokonkurransen «Bjørnafjordenlandskap». Silja er svært medviten på å nytta lokale produkt i butikken sin.

– Eg har mange leverandørar frå heile Noreg, men nett her på Vestlandet skulle eg ønskt eg hadde fleire, seier Silja.

Artikkelen held fram under annonsen.

Spesielt når det kjem til levering av grønsakar skulle ho ønskt at det var lettare å få kortreist levering.

– Det er mange som produserer, men dei har sine faste avtalar. Kanskje me skulle hatt eit kurs? Eg kjenner ein bonde i Fana som er veldig flink til å dyrka gode grønsaker. Kanskje me kunne fått han til Os ein gong, føreslår Olav Botnevik.

Stort utval på Austlandet

Silja var nyleg på tur med Bjørnafjorden Matkultur til Austlandet, der dei mellom anna besøkte garden til Arne Brimi.

I korga frå Silja og Osøyro Kolonial får vinnaren av denne vekas #Bjørnafjordenlandskap-konkurranse mellom anna kortreist sjokolade, øl og straffekaffe.
I korga frå Silja og Osøyro Kolonial får vinnaren av denne vekas #Bjørnafjordenlandskap-konkurranse mellom anna kortreist sjokolade, øl og straffekaffe.

– Eg vart utruleg imponert over utvalet av svært kortreist mat dei hadde i sitt sortiment. På dette kan me bli endå litt betre her på Vestlandet, seier Silja.

Uansett er ho svært nøgd med korleis det heile tida vert sett fokus på temaet. Sjølv er ho sterkt delaktig i «Det store Bjørnafjordenmåltidet» som vert arrangert laurdg 5. oktober.

– I år blir det også ein open marknad i Vognhallen på dagtid. Der kan alle som vil koma innom, sjå smaka og prata med lokalprodusentar, fortel Silja.

Lokalt øl og straffekaffe

I premiekorga til Osøyro Kolonial har Silja fått med fleire Vestlandsprodukt med blant anna svært kortreist øl – Hans Marius Johnsen-øl frå Bjørnafjorden Bryggeri, ei heimelaga kornblanding, sjokolade frå Eidfjord og tørka snackskjøt frå Voss.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no