(
( Foto: Illustrasjon

Blei fråstolen kostbar sykkel

Sykkelen blei parkert i Os sentrum klokka 14.30 fredag. Halvanna time seinare, var han borte.

– Vi fekk melding om dette klokka kvart på fem fredag ettermiddag. Det skal ha blitt oppdaga av eigar klokka 16.00. Sykkelen stod parkert i Os sentrum, fortel politioverbetjent, Anne Lyssand.

Vidare fortel Lyssand at dette er ein kostbar sykkel.

– Sykkelen er av merket Gary Fisher. Raud med kvit skrift. Det er ein mountain bike, med demping på gaffel. Hjula er 29 tommar, seier Lyssand.