Utestengd: Ein mann blei utestengd frå senteret etter han for andre gang på kort tid skal ha vore utagerande på staden.

Blei utestengd frå AMFI Os etter å ha skapt kvalme for andre gong på under ei veke

Måndag ettermiddag blei politiet tilkalla av AMFI-senteret fordi ein mann i 40-åra var utagerande.

– Vi fekk melding om ordensforstyrring. Han nekta også å gå. Det enda med at han blei utestengd. Kor lenge han er utestengd, kjem ikkje fram av loggen, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Les også
Kjenning av politiet prøvde å selja medisinen sin til ungdomar i Os sentrum

Det er snakk om ein mann i 40-åra, som er godt kjend for politiet frå tidlegare. Lyssand stadfester at det er snakk om same mann som i starten av førre veke var ufin mot ei kvinne tilset på ein daglegvarebutikk på senteret, før han gjekk vidare til ein restaurant i retning Os og gjorde personalet utrygge. Etter dette skal han ha gått til sentrum og prøvd å selja medisinen sin til ungdomar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Berre ein halvtime etter at politiet fekk meldinga frå kjøpesenteret, skal ein mann ha vore utagerande på ein daglegvarebutikk i retning Os sentrum.

– Mannen skal ha ropt og skrike inne i butikken. Då patruljen kom til staden, var han ikkje å finna. Truleg er det same mann som på senteret, fortel Lyssand.

Ikkje nok med det, rett etter klokka halv sju, skal ein mann ha bestilt ein pizza frå ein restaurant i Os. Då han kom for å henta, nekta han å betala. Det skal ikkje vera same mann som var utagerande på AMFI-senteret, men også dette er ei kjenning av politiet.

– Det unge personellet blei skremde, og våga ikkje nekta mannen å få pizzaen. Dei var redde for å seia nei. Politiet har fått namnet til vedkomande, fortel Lyssand.