Send inn: – Me håpar alle der ute har lyst til å senda oss bilete og videosnuttar gjennom heile dagen, frå tidleg om morgonen til du har beina på bordet om kvelden.

Bli med på felles 17. mai på osogfusa.no: Me deler di feiring

Me må feira litt på avstand i år - men på osogfusa.no vil me få til ei strålande fin fellesfeiring likevel.

– Me håpar alle der ute har lyst til å senda oss bilete og videosnuttar gjennom heile dagen, frå tidleg om morgonen til du har beina på bordet om kvelden, slik at me kan dela desse med lesarane våre fortløpande. På den måten kan me få til ei form for fellesfeiring likevel. Dette er jo fyrste året som ny kommune. Då er det ekstra kjekt å kjenna på felleskapskjensla, seier marknadsleiar i Os & Fusaposten, Ann Christin Nøss.

Næringslivet tek del i dugnaden og stiller med flotte premiar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Alle som sender inn vil vera med i trekninga av alt frå ein iPad, akrylglass-bilete med ditt eige motiv (verdi 1295,-) og puslespill med ditt eige motiv (verdi 499,-) frå Premiebua, til gåvekort på Amfi Os, 10 badebillettar til Osbadet, 2 kinobilettar til bygdekinoen og unike 17. mai-medaljar.

Sekkeløp: Skal du ha sekkeløp i hagen, ut på båttur eller til fjells med flagg i sekken, skal du ha folk på frukost, spisa is, hot dog og rømmegraut, eller skal du nyta at du berre kan sitja i joggebuksa? Me vil ha bilete av alt saman.

– Me veit at folk er flinke til å pynta seg sjølv, trappa, hagen, hunden, kakene og bordet til 17. mai. Skal du ha sekkeløp i hagen, ut på båttur eller til fjells med flagg i sekken, skal du ha folk på frukost, spisa is, hot dog og rømmegraut, eller skal du nyta at du berre kan sitja i joggebuksa? Me vil ha bilete av alt saman, smiler Nøss og legg til:

– Dette vert garantert ein annleis 17. mai. Det må dokumenterast.

Bilete og videosnuttar kan du senda på

SMS: 489 95 310

epost: post@osogfusa.no

Facebook

messenger

Artikkelen held fram under annonsen.

Instagram

Instagram med #osogfusaposten #bygdavår

Trekning: Alle som sender inn, vil vera med i trekninga av flotte premiar.

Den fortløpande oppdateringa kjem i tillegg til kommunen si direktesending som du kan få med deg på osogfusa.no.

Journalistane våre vil også sjølvsagt vera ute denne dagen og dokumentera den spesielle feiringa. Send oss tips på førehand om du eller nokon du kjenner skal gjera noko kjekt:)

Stylter: Stylter høyrer med på ein 17. mai.