Når Sesam Sesam sitt system er oppe og går vil det vera kamera på fire ulike stader rundt sentrumskjerna i Os. Eitt av dei vert her som Daniel Skotheim står, ved Lundehjørnet.
Når Sesam Sesam sitt system er oppe og går vil det vera kamera på fire ulike stader rundt sentrumskjerna i Os. Eitt av dei vert her som Daniel Skotheim står, ved Lundehjørnet.

Blir først i landet med kamerastyrt parkeringsregulering i sentrum

Os kommune har tildelt Sesam Sesam ansvaret for å ivareta parkeringsreguleringa i Os sentrum.

Etter forslag frå Parkeringsutvalet i Os vedtok formannskapet i Os kommune tidlegare i år at ein skulle innhenta anbod for å løysa parkeringsutfordringane i sentrum. Etter to synfaringar i sommar gjekk utfordringa ut til ni interessentar. Denne veka vart det klart at anbodet går til Sesam Sesam. Dei tilbyr ei automatisert, billettlaus parkeringsteneste ved hjelp av videokamera og nummerregistrering.

– Etter det me veit blir Osøyro det første sentrumet i landet som får denne løysinga. Me trur mange fleire små tettstader og byer vil slå følgje. Løysinga er enkel og funksjonell, og ein slepp parkometerangsten og angsten for å få bot, seier næringssjef i Os kommune, Daniel Skotheim.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gratis i to timar

Skotheim kan ikkje seia når den nye løysinga er på plass, men seier det vil skje så snart som mogleg.

– Me har utfordringar med parkering i sentrum og har i lengre tid venta på å finna ei løysing som vil hjelpe oss å regulera tilhøva. No meiner me å ha funne noko som vil fungera.

– Er det no heilt slutt på å stå gratis parkert i Os sentrum?

– Nei, det blir gratis dei to første timane. Deretter vil prisen auka progressivt etter kor lenge ein overstig desse timane, seier Skotheim.

– Korleis vil ein så betala for seg?

– Eg trur dei fleste har vore borti løysinga til Sesam Sesam tidlegare. I dag er det dei som styrer parkeringa mellom anna på Bystasjonen, i Klostergarasjen og på Bergen Lufthavn Flesland. Løysinga går ut på at kvar og ein som vil parkera i Os lastar ned ein app. Etter dette går det meste automatisk. Ved hjelp av kamera blir bilen registrert i det ein køyrer inn i sentrum, og i det ein køyrer ut, forklarar Skotheim.

Om nokon ikkje har ordna med app før dei kjem til sentrum, kan ein ordna opp for seg etterpå ved å gå inn på Sesam Sesam sine heimesider.

– Alternativet er at ein får faktura i posten. Det posiitive er at ein ikkje får bot, konstaterer Skotheim.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fire sonar

I Os blir det fire sonar som vert styrte av kameraordninga til Sesam Sesam: Os sentrum, Oseana, Vognhallen og parkeringa ved Essoen og bort til Osbrua.

– I sentrum blir det kamera på fire stader – ved Lundehjørnet, ved innkøyringa til Brugata, ved innkøyringa frå rundkøyringa og inn mot bussterminalen og ved Os kyrkje i starten av Landboden-gata.

– Korleis blir det for folk som har private parkeringar innanfor sentrumsringen?

– Dei registrerer bilane sine, og slepp då å betala for tida dei er i sentrum og nyttar sine private plassar.

Ved Oseana og Essoen blir det gratis i to timar, før «takstameteret» byrjar å gå.

– Og langtidsparkering?

– Langtidsparkering, altså inntil 9 timar, blir det ved Vognhallen. Her vil det bli same kameraløysing. Inntil vidare vil det også vera langtidsparkering på grusen der P-huset etter kvart skal byggjast, og på parkeringsplassen bortanfor Kløvertun, samt på nedsida av Ungdomsskulen.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no