Desverre: – Dessverre har vi fått stadfesta at Sp og Ap i Bjørnafjorden ikkje har fått gjennomslag overfor sine fylkeslag. Dei vil ikkje eingong greia ut saka om å ikkje ha bom på Fanafjellet og Søfteland, seier Terje Søviknes.

Bom-saka: - Mildt sagt oppsiktsvekkjande

– Ap og Sp som no har vore høgt på banen lokalt blir svikta av sine egne.

Det seier Terje Søviknes etter at fleirtalet i fylkesutvalet ikkje vil greia ut saka om eventuelt å droppa bom på Fanafjellet og Søfteland.

Les også
Fleirtalet i fylkesutvalet vil ikkje greia ut saka om å droppa bom på Fanafjellet og Søfteland

– Dessverre har vi fått stadfesta at Sp og Ap i Bjørnafjorden ikkje har fått gjennomslag overfor sine fylkeslag. Dei vil ikkje eingong greia ut saka om å ikkje ha bom på Fanafjellet og Søfteland. Dei ønskjer dermed ikkje å få fram eit kunnskapsgrunnlag som kan visa fordelar og ulemper med bom på sidevegane. Dette er mildt sagt oppsiktsvekkjande, seier Terje Søviknes.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han meiner dette betyr «i klartekst at Ap og Sp som no har vore høgt på banen lokalt blir svikta av sine egne, og at vi må konstatera at desse partia ønskjer bommar både på gamle E39 på Søfteland og fylkesvegen over Fanafjellet».

Det har ikkje lukkast Os & Fusaposten å få kontakt med ordførar Trine Lindborg. Varaordførar Mikal Leigland var opptatt, men skulle koma attende med kommentar så snart som råd.

Les også
Bjørnafjorden Sp går imot innkrevjing av bompengar på omkøyringsvegar
Les også
Ny E39: Fylkesrådmannen er negativ til å droppa bommane på Søfteland og Fanafjellet