Bilbrann: Brannvesenet rykte onsdag ettermiddag ut til ein bilbrann i Fanafjellsvegen.

Brann i bil på Fanafjellet. Ingen personar i bilen

Brannvesenet melder om full overtenning.

Klokka 16.41 sendte 110 Vest ut melding på Twitter om ein personbil i brann i Fanafjellsvegen.

Kort tid etter kom det beskjed frå Vest politidistrikt om at det var ingen personar i bilen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ikkje spreiingsfare til andre køyretøy, bygg eller liknande, men brannen kan nå tak i gras med meir på staden, skriv politiet.

Klokka 17.05 oppdaterer brannvesenet meldinga med at brannen er sløkt.

– Det er så langt ikkje kjent korleis brannen har oppstått. Manuell dirigering vert iverksettpå staden.