Brannen skal ha oppstått i naust knytt til ein einebustad i Lysefjorden.

Ei kvinne og ein baby er evakuert etter at det oppstod brann på Søvikneset

Det skal vera mykje røyk i området, og folk blir beden om å gå inn og lukka dører og vindauga.

Det skal ha oppstått brann på Søvikneset i Lysefjorden. Brannvesenet er på staden. Det blir meldt på Twitter at det ikkje skal vera folk inne i huset, og at det skal vera kraftig røykutvikling frå naustet som er knytt til adressa.

Det er kraftig røykutvikling på staden.

Oppdatert: Det blir no opplyst at ei kvinne og ein baby er evakuert og at brannvesenet jobbar med brannen – som skal vera i eit naust.

Artikkelen held fram under annonsen.

Os & Fusaposten er på staden. Det er kraftig røykutvikling, og folk blir beden om å gå inn og lukka dører og vindauga.

Les også
Brannen i Lysefjorden: – Det er for tidleg å seia om det var i båten brannen starta

OPPDATERT klokka 12.10: Brannsjef Eivind Hovden opplyser at dei no har kontroll på brannen.

– Det var fyr i ein båt inne i naustet – ein cabincruiser.

– Var det i båten at brannen starta?

– Det er for tidleg å seia noko om det var i båten, eller andre gjenstandar som tok fyr.

Vidare fortel brannsjefen at dei klarte å isolera brannen i naustet.

– Det er ikkje brannskadar på resten av bygget, men det er røykskadar. Vi har fått god hjelp frå Bergen brannvesen, og røykdykkarar frå Fana, i tillegg til våre eigne, eminente tilsette i Os brann og redning.