Brannvesenet på utrykking: Tidleg fredag rykte brannvesenet ut etter melding om bustadbrann.

Brann i einebustad på Nordstølen

Klokka 5.20 melde Vest politidistrikt på Twitter at det har vore brann i ein einebustad på Nordstølen. Alle dei som bur i huset skal ha komme seg ut.

Alle naudetatar er på staden, og innsatsleiar Espen Storum seier klokka 06.03 til Os & Fusaposten at brannen er slokt.

— Vi er på skadestaden no. Det har vore ein brann på utsida av bygget, og familien som bur i huset har komme seg ut av bustaden, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vest politidistrikt skriv på twittter at det er mogleg det har brent i eit strøminntak på utsida. Sju personar kom seg ut (Tre vaksne og fire born)

Klokka 06.27 melder Storum at huset er «friskmeld» av BKK, og familien kan flytta inn igjen. Alle naudetatane er returnerte.