Brannvesenet klarte å isolera brannen i naustet under bustadene i etasjane over.

Brannen i Lysefjorden: – Det er for tidleg å seia om det var i båten brannen starta

Ein cabincruiser som brann, er frakta ut av naustet.

Brannsjef Eivind Hovden opplyser at brannvesenet har kontroll på brannen.

OPPDATERT klokka 12.10: Brannsjef Eivind Hovden opplyser at dei no har kontroll på brannen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Ei kvinne og ein baby er evakuert etter at det oppstod brann på Søvikneset

– Det er ikkje brannskadar på resten av bygget, men det er røykskadar. Vi har fått god hjelp frå Bergen brannvesen, og røykdykkarar frå Fana, i tillegg til våre eigne, eminente tilsette i Os brann og redning.

Vidare fortel Hovden at dei har fått ut ein cabincruiser som brann inne i naustet.

– Var det i båten at brannen starta?

– Det er for tidleg å seia noko om det var i båten, eller andre gjenstandar som tok fyr.

Les også
Brannen i Lysefjorden: Framleis fare for spreiing oppover i bygget

Det var klokka halv elleve tysdag føremiddag at politiet blei varsla om brann i ein einebustad i Lysefjorden.

– Brannvesenet var først på staden. Meldinga gjekk først på brann i einebustad. Då brannvesenet kom til staden, var det stor røykutvikling i eit naust knytt til bustadene over. Dette er eit bygg med fleire etasjar. Det skal ikkje vera fare for spreiing til omkringliggjande hus, men slik eg forstår det, kan brannen framleis spreia seg oppover i bygget. Per no, har ikkje brannvesenet kontroll, fortel operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Vibeke Næss.