Det skal framleis vera fare for spreiing oppover i bygget, som er seks etasjer.

Brannen i Lysefjorden: Framleis fare for spreiing oppover i bygget

Brannvesenet klarer å halda brannen nede, men har førebels ikkje heilt kontroll.

Innsatsleiar på staden, Atle Birkeland, fortel at alle er evakuerte, og at brannvesenet klarer å halda brannen nede, men dei har ikkje framleis ikkje heilt kontroll.

Dei evakuerte er samla i eit hus bortanfor. Det skal vera seks bueiningar i bygget. Brannen skal ha starta i naustet - under desse bueiningane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Ei kvinne og ein baby er evakuert etter at det oppstod brann på Søvikneset

Operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Vibeke Næss, fortel at dei fekk melding om brannen halv elleve i føremiddag.

– Brannvesenet var først på staden. Meldinga gjekk først på brann i einebustad. Då brannvesenet kom til staden, var det stor røykutvikling i eit naust knytt til bustadene over. Dette er eit bygg med fleire etasjer. Det skal ikkje vera fare for spreiing til omkringliggjande hus, men slik eg forstår det, kan brannen framleis spreia seg oppover i bygget. Per no, har ikkje brannvesenet kontroll, fortel Næss klokka 11.20.

OPPDATERT klokka 12.10: Brannsjef Eivind Hovden opplyser at dei no har kontroll på brannen.

– Det var fyr i ein båt inne i naustet – ein cabincruiser.

– Var det i båten at brannen starta?

– Det er for tidleg å seia noko om det var i båten, eller andre gjenstandar som tok fyr.

Les også
Brannen i Lysefjorden: – Det er for tidleg å seia om det var i båten brannen starta

Vidare fortel brannsjefen at dei klarte å isolera brannen i naustet.

– Det er ikkje brannskadar på resten av bygget, men det er røykskadar. Vi har fått god hjelp frå Bergen brannvesen, og røykdykkarar frå Fana, i tillegg til våre eigne, eminente tilsette i Os brann og redning.