Obduksjon og fleire undersøkingar: Mannen som døydde i brannen på Nesjaryggen i Lysefjorden skal obduserast og fleire tekniske undersøkingar må gjennomførast før politiet kan nærma seg ein konklusjon om kva som skjedde.

Brannen i Lysefjorden: Skal gjennomføra fleire tekniske undersøkingar

Bjørnafjorden lensmannskontor og kriseteamet i kommunen har det siste døgnet jobba opp mot dei etterlatte etter dødsbrannen tysdag.

Namnet på den omkomne vert truleg frigjeve torsdag.

– Me er rimeleg sikker på at alle etterlatte no er informerte om det som skjer, men i samråd med næraste familie, trur eg ikkje namnet på den avlidne vert frigjeve før torsdag, seier lensmann Oddbjørn Dyrdal ved Bjørnafjorden lensmannskontor til Os & Fusaposten onsdag morgon.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Mann omkom i båtbrann

Meir opplysningar torsdag

Han fortel at mannen som døydde i brannen på Nesjaryggen i Lysefjorden skal obduserast og at fleire tekniske undersøkingar må gjennomførast før dei kan nærma seg ein konklusjon om kva som skjedde.

– Me veit det var ein kraftig brann i båten han var i, men kan ikkje seia sikkert kvifor det brann. Også dette kan det henda me kjem ut med fyldigare opplysningar om i morgon, seier Dyrdal.