BIR Kolskogen: Sjølv om dette er gjenstandar som er levert inn til destruksjon, er det like fullt eit tjuveri.

Braut opp garasjeport og stal «søppel»

I løpet av helga har nokon stole kassert elektronikk frå BIRs anlegg i Kolskogen.

Ein eller annan gong mellom laurdag og måndag morgen har nokon brote opp garasjeporten til BIR i Kolskogen.

Det er mest truleg også teke noko elektronikk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjølv om dette er gjenstandar som er levert inn til destruksjon, er det like fullt eit tjuveri.

BIR har difor kontakta politiet, og forholdet vil bli meldt.