Trafikkulukke:

Brot i foten etter kollisjon

Ein motorsykkelførar må til legevakten med det som truleg er brot i foten etter kollisjon ved Rolvsvågen.

Ifølgje vakthavande ved Politidistrikt Vest fann ulukka stad ti over halv sju måndag kveld.

– Det har vore ein samantreff mellom ein personbil og ein motorsykkelførar. Sistnemnde har det me trur er brotskadar i foten og vil bli sendt til legevakta med ambulanse, fortel vakthavande.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han kunne leggja til at ulukka hende på Samnangervegen, i eit kryss like ved Rolvsvågen.

– Etter våre rapportar er bilføraren ikkje skadd, seier vakthavande.

Han kunne ikkje seian noko om årsaken til ulukka.