Død person: Politiet etterforskar dødsårsaka etter at ein 38 år gamal mann vart funnen død i dag tidleg.

Mann funnen død på Nore Neset

Ein 38 år gamal mann vart i dag tidleg funnen livlaus i Skeisstøa.

Politiet melder i ettermiddag at ein 38 år gamal mann vart funnen død i vegen i Skeisstøa på Nore Neset i dag tidleg.

Politiet fekk melding om mannen klokka 06.36 og rykte saman med ambulanse ut til staden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Der fann dei ein livlaus person liggande i vegen i Skeisstøa.

Livet stod ikkje til å redda

Det vart utført fyrstehjelp, men at livet ikkje stod til å redda.

Vedkomande, ein 38 år gamal mann, vart erklært død på staden.

– Like ved stod ein lastebil som vi meiner avdøde har hatt ei tilknyting til. Kva som har skjedd er uklart, og politiet etterforskar forholdet vidare, opplyser politiet.

Nærmaste pårørande er varsla.