Rota seg bort: Mannen gjekk seg vill på veg heim frå fest på Os i natt.

Mann gjekk seg vill i Os i natt

Ved hjelp av drone og lokalkunnskap fann politiet den bortkomne mannen.

Klokka 02.26 i natt, fekk politiet melding om ein mann i 30-åra som hadde gått seg vill etter ein fest i Os.

Det opplyser Vest politidistrikt på Twitter.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mannen, som var i 30-åra, skulle ta ein snartur heim frå sentrum, men mista stien og gjekk seg vill.

Då vart politiet kontakta.

Ved hjelp av drona til politiet, naudlokasjon og lokalkunnskap frå mannskapet, vart han funnen relativt raskt.

Han var kald, men i god behald.