Sårbare: Bufdir-direktør Mari Trommald meiner innføringa av raudt nivå i ungdomsskulen og vidaregåande skular over heile landet vil ramme sårbare barn.

Bufdir-sjef: Raudt nivå i skulen vil ramma sårbare born

Hasteinnføringa av raudt nivå på alle ungdoms- og vidaregåande skular var overraskande og i strid med faglege råd, meiner Bufdir-leiar Mari Trommald.

Direktøren for Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet er òg leiar for koordineringsgruppa for sårbare barn og unge.

Til NRKs Politisk kvarter onsdag morgon seier ho at ho vart svært overraska då regjeringa søndag, dagen før skulestart etter juleferien, innførte raudt nivå på ungdomsskular og vidaregåande skular over heile landet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei råda som fagmiljøa har kome med, heilt frå byrjinga av april i fjor, er at vi ikkje skal bruka generelle, førebyggjande tiltak som smitteverntiltak for born og unge fordi vi meiner det er uforholdsmessig, seier Trommald.

I jula uttalte statsminister Erna Solberg (H) at det er eit mål at færrast mogleg kommunar skal vere nøydde til å halda skulane på raudt nivå. Raudt nivå inneber at færre elevar er på skulen samtidig, og at delar av undervisninga skjer digitalt som heimeundervisning.

– Går ut over sårbare barn

Trommald er særleg bekymra for at innstramminga vil gå ut over to grupper barn, dei som blir utsette for vald og mishandling heime, og born som kjem frå sårbare heimar eller er funksjonshemma.

– Her må ein vega fordelane ved smitteverntiltaket opp mot dei konsekvensane det faktisk har at born og unge ikkje kjem på skulen. Dei borna som strevar aller mest no, og som står i ein reell risiko for å falla utanfor og ikkje greia å koma tilbake igjen, det er dei desse tiltaka går ut over, understrekar ho.

– Eg håpar at regjeringa ser behovet for å gjere dette meir målretta, føyer ho til.

Frp: Overstyring av kommunane

Også Frp-nestleiar Sylvi Listhaug er sterkt kritisk til innføringa av raudt nivå som eit nasjonalt tiltak. Ho meiner avgjerda må overlatast til kommunane, som kan innføra raudt nivå når smittetrykket blir høgt.

– Dette er ei overstyring av kommunane. Dei har til no handtert dette godt, slår ho fast.

Kunnskapsminister Guri Melby (V) forsvarer avgjerda med at koronasmitten no er stigande i Noreg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det taler for at det er behov for nasjonale tiltak, seier ho, men påstår samtidig at styresmaktene lyttar nøye til fagmiljøa.

– Eg kjempar med nebb og klør for å halda skulane opne, seier Melby.