Bussen stoppa trafikk til og frå Lysefjorden etter å ha køyrd seg fast måndag føremiddag.

Buss køyrde seg fast i Søvikåsen — skal ha følgt GPS

Det har skjedd før. Måndag skjedde det igjen. Eit større køyretøy stod fast i Søvikåsen.

Os & Fusaposten har fått to meldingar om ein buss som står fast i Søvikåsen (Ole Bulls veg). Politiet skal vera på staden no, og dei skal ha vore der ei stund. Bilberging var på veg for ei god stund sidan, opplyser politioverbetjent Atle Birkeland. Det er ikkje utenkjeleg at bussen blir fjerna relativt raskt.

Les også
Fredrik har forståing for at vogntog stadig køyrer seg fast i Søvikåsen

Ein av dei som tipsa fortel at det skal ha kome fram på staden at sjåføren av bussen køyrde etter GPS.