Svært glatt: Lesarane fortel om svært glatte vegar mandag morgon. På Fanafjellet har trafikken stått kubb ei stund.

Svært glatte vegar: Trafikken står på Fanafjellet

I tillegg er politiet ute og dirigerer trafikken etter at ein buss hamna på tvers i Mobergsbakken.

I sju-tida i dag tidleg skal ein buss frå Skyss ha hamna på tvers i Mobergsbakken på speglblankt føre.

Ein halvtime seinare er politiet ute og dirigerer trafikken via E39 og Mobergstunnelen. Politi og bergingsbil har rykt ut.

Artikkelen held fram under annonsen.

På Twitter melder politiet om glatte vegar og fleire trafikkuhell i Os.

Det er ikkje meldt om personskader så langt, men politiet ber bilførarar køyra svært forsiktig.

Ein lesar melder at trafikken over Fanafjellet ikkje rikkar seg på grunn av speglglatte vegar.

Politiet er blitt kalla ut for å dirigera trafikken over fjellet.

– Det har ikkje vore heilt stengt, men politiet ville avgrensa trafikken over Fanafjellet fordi det var mange som sleit. Vi fekk inn melding om at strøbilen har vore over der for litt sidan, så vi forventar at det blir betre ganske kjapt, sa Marius Næss, trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen vest, til BA like før kl 8.