Lamma: Store delar av kollektivtrafikken her i landet vil bli lamma som følgje av brotet i lønnsoppgjeret.

Busstreiken blir trappa opp - alle bussjåførar i Vestland vil bli tatt ut i streik

Laurdag blir ytterlegare over 4.500 bussjåførar tekne ut i streik – i tillegg til dei 3.800 sjåførane som allereie har lagt ned arbeidet.

Frå starten av arbeidstida laurdag morgon blir bussjåførane i Vestland, Trøndelag, Rogaland og Finnmark tekne ut i streik. Også store delar av Nordland og heile Kristiansand blir tekne ut.

Dermed vil store delar av kollektivtrafikken her i landet vera lamma som følgje av brotet i lønnsoppgjeret.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fire forbund forhandlar saman om tariffavtalen til bussjåførane. Yrkestrafikkforbundet tek ut 2.147 sjåførar i andre uttak. Fellesforbundet, Jernbaneforbundet og Fagforbundet tek til saman ut 2.421 sjåførar, noko som gir eit andreuttak på 4.568 bussjåførar.

Allereie er rundt 3.800 sjåførar tekne ut i Oslo og Viken. Dersom konflikten held fram, kan nesten 12.000 bussjåførar bli tekne ut i streik i heile landet.