Skal ha dytta tilsett: Ei kvinne likte dårleg å bli jagd ut frå ein butikk i Os. Skal ha gått til verbalt åttak på butikksjefen, samstundes som ho dytta vedkomande.

Butikksjef snakka til kvinne som er utestengd frå butikken – då skal det ha svartna for kvinna

Ei ung kvinne var onsdag innom ein butikk i Os som ho er utestengd frå. Då ho fekk beskjed om å gå ut, skal det ha svartna for kvinna.

– Dette er ei kvinne som har blitt tatt for å stela mange gonger før. Det gjer at ho ikkje har lov til å koma inn her. Likevel gjer ho det, fortel butikksjefen.

Kvinna skal ha verka rusa, og likte dårleg at ho fekk beskjed om å gå.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ho hissa seg veldig. Ho hylte og skreik opp i fjeset mitt, dytta og trua meg, fortel butikksjefen.

Kvinna skal ha hatt med seg ein mann. Han hengde seg på.

– Tidlegare har kvinna hatt med seg ein annan mann. Han har til dels klart å roa kvinna ned. Han som var med ho denne gongen, ville vera med på «showet». Det er ikkje første gongen at ho ikkje oppfører seg, men dette var mykje verre enn nokon gong før. Eg tenkte nok er nok. No får politiet ta ho.

Patruljen hadde ikkje høve til å rykkja ut då butikksjefen tok kontakt. Dei var opptekne på eit oppdrag på Tørvikbygd, der det var ein stor tankbil som lekte drivstoff.

Politioverbetjent Anne Lyssand fortel at patruljen såg etter dei to personane litt seinare, men at dei ikkje fann dei. Ho legg til at dei meiner å vita kven det er snakk om, og at butikksjefen kjem til å melda forholdet i dag.

– Det kan eg stadfesta, seier butikksjefen.