Fjord´n Senter: N/A

Covid-19: Var du ved apoteket på Fjord'n senter på laurdag?

Det er påvist eitt tilfelle av covid-19 onsdag. Dei som har vore i nærleiken av apoteket på senteret laurdag, blir bedne om å ha låg terskel for å testa seg.

Ein mann i 30-åra fekk påvist covid-19 onsdag. Smittevegen er ukjend, melder kommunen.

Vedkomande var ved Vitus apotek Fusa på Fjord'n senter i smittsam fase, laurdag 3. april.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Apoteket har svært gode smittevernrutinar, så risikoen for smitte er låg. I samråd med apoteket, ber vi likevel dei som var innom på laurdag om å følgja ekstra godt med på eventuelle symptom og ha låg terskel for å testa seg, seier kommuneoverlege Klaus Melf i ei pressemelding frå kommunen.