Ordføraren har erklært krig mot plastureining i havet.
Ordføraren har erklært krig mot plastureining i havet.

Då borna til ordføraren såg omfanget, fekk dei ein vekkjar

No oppfordrar ordførar Marie Bruarøy folk til å ta ungane med på aksjon mot plast og forsøpling. Sjå kvar du kan levera innsamla sekkar og delta i konkurranse!

Den nasjonale strandryddeveka (frå 3. til 9. mai) står for døra. I fjor som i år tek ordføraren sjølv til strendene for å rydda. I fjor var ho ute med heile familien og frakta fleire båtlass med plast til BIR.

– Då ungane såg kor mykje det var, sa dei «eg skal aldri hiva boss i naturen», fortel Bruarøy.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho har tru på at å ta med heile familien på plastrydding vil vera svært haldningsskapande.

– Det er lite som på ein meir konkret måte lærar ungane å vera miljøbevisste. For me er nøydde til å ta betre vare på havet enn generasjonen før oss, seier Bruarøy.

5 Leveringspunkt

Dei som har lyst å vera med og plukka bos i veka som kjem må først skaffa seg gratis strandryddeposar hjå BIR.

– Svarte sekkar er ikkje godt nok. Det er dei spesielle strandryddesekkane som er gratis å levera frå seg, fortel ordføraren.

Fulle sekkar kan leverast på Kolskogen eller plasserast på følgjande fem stasjonar:

- Vedholmen ved Bunnpris

- Halhjem ved ferjekaien

- Lønnevågen, snuplassen ytst på Nordstrøno

Artikkelen held fram under annonsen.

- Buena kai i Lysefjorden

- Osøyro: snuplassen ved moloen på Haugsneset (forbi den nye bubilparkeringa)

Men i år blir det ikkje konteinarar ein skal ha sekkane i. I staden skal dei setjast samla ein stad der BIR kan koma til med bil. I tillegg har lokalt næringsliv tilbode seg å henta bos som ein treng båt for å fjerna.

– Samba, med Emil Brimsholm i spissen, kan kontaktast dersom noko må hentast i skjergarden. Eg synest det er fantastisk at næringslivet stiller opp på den måten, seier ordføraren.

Også Os Rotary har lova å ta på seg eit visst ryddeansvar utover året.

Delta i konkurranse, vinn 10 flaxlodd

I år som i fjor, arrangerer Os og Fusaposten ein bilde-konkurranse. Ta eit bilde av deg sjølv og familien i aksjon, legg det ut på instagram og merk det med#plastosogfusa, og ver med i trekninga av 10 flaxlodd. 

Ordføraren oppfordrar dessutan folk til å registrera kva dei har tenkt å gjera – eller kva dei har gjort påholdnorgerent.no. I skrivande stund kan ein sjå at det alt er utført ei rekkje ryddeaksjonar i Os, mellom anna i Ervikane og på Sandholmane, medan Christina Moberg har ein eigen aksjon i Mobergsvika som det går an åmelda seg på.

Ordføraren har ein siste personleg oppfordring til dei som no vurderer å ta seg ei økt rundt om.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me ser no at strandryddinga i Noreg blir lagt merke til langt ut over våre grenser. Tenk om vesle Noreg kan setja eit eksempel som andre vil følgja, seier ho.

ol@osogfusa.no

- Ta eit bilde av deg sjølv eller andre medan du ryddar plast 

- Legg biletet ut på instagram med merkinga #plastosogfusa

- Os og Fusaposten trekkjer ut ein heldig vinnar av 10 flaxlodd

- Bileta kjem på trykk i papiravisa