(
(

Då ingen opna, skal mannen ha snoka rundt huset

Ein nabo skal ha observert ein mann ringa på døra. Då ingen opna, skal mannen ha gått ein runde rundt huset.

– Melder opplyser at det er ein utanlandsk mann som etter ikkje å ha fått svar, har gått rundt huset, seier politioverbetjent, Anne Lyssand.

Dette må ikkje bety at vedkomande hadde uærlege hensikter, men politiet bed ein likevel ta sine forholdsreglar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Syklar og alt av andre verdisaker, bør ein setja inn i garasje og låsa, seier Lyssand.

Dette skal ha blitt observert i Hagavik-området.