Skal ta unna: Reidun Hope har køyrd taxi i 42 år. Ho lovar at Fusa Taxisentral skal kunne ta unna trafikken på nyttårsaftan.

– Det er berre greitt for oss om folk er tidleg ute

— Har du ønske om å spikra ein avtale om henting etter fyrverkeriet, så fiksar me det, seier Reidun Hope.

63-åringen har køyrd taxisentral i gamle Fusa kommune sidan 1980. Når det kjem til trafikk og ventetid på nyttårsaftan, veit ho følgjeleg godt kva ho snakkar om.

— Når det ikkje er større arrangement, bruker det ikkje vera all verda til trafikk. Etter det me har fått med oss, er det ikkje noko slikt i år, så då har me kalkulert at det vil halda med to taxiar på vegen, seier Hope.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Skal du ha taxi etter at rakettane går i lufta, må du ha litt tolmod

Medan dei på Os-sida av kommunen berre kan førehandsbestilla taxi inntil det smell klokka 24, vil dei på Fusa-sida kunna sikra seg transport heim god tid i førevegen.

— Me tek gjerne imot bestillingar. Det er ikkje noko problem. Det er berre greitt for oss om folk er tidleg ute, seier Hope.

Så lenge helsa held

Per dags dato har Fusa taxisentral fem løyve og totalt åtte sjåførar. I haust takka Cathrin Valestrand av, men ho held fram som fungerande dagleg leiar i bedrifta fram til litt ut på våren 2023.

— Det ligg kanskje i korta at eg tek over som dagleg leiar, men inntil generalforsamlinga til våren, vil Cathrin framleis vera dagleg leiar, fortel Hope.

— Du har køyrd nokre år no. Kor lenge vil du halda på?

— Me får no sjå. Så lenge helsa held, er det ikkje utenkjeleg at det blir ei stund til. Eg tek det som det kjem, smiler Holmefjord-dama.

— Skal du sjølv køyra på nyttårsaftan?

— Nei, då skal eg vera med barneborna mine og resten av den næraste familien heime på Holmefjord. Pinnekjøt står på menyen og eg gler meg veldig til det, fortel Hope.