Store mannskapar bidrog i søket etter at ein mann i 20-åra vart meldt sakna i Fusa natt til torsdag. Søndag kom meldinga om at han var funnen vaken og bevisst.

Hyllar innsatsen til leitemannskapet:

— Det er heilt ubegripeleg

Det seier Ivar Hellebø i Fusa Røde Kors etter at mannen i 20-åra kom til rette søndag føremiddag.

Publisert Sist oppdatert

Store mannskapar bidrog i søket etter at ein mann i 20-åra vart meldt sakna i Fusa natt til torsdag. Røde Kors og Norsk Folkehjelp har bidrege. Sivilforsvaret og Heimevernet vart kalla inn. Politiet har søkt med politihundar. Norske redningshundar har teke del, og mannskapet har også fått helikopterstøtte. I tillegg har 'uorganiserte' frivillige møtt opp for å bidra med det dei kan.

— Det er ufatteleg korleis frivilligheita har stilt opp, seier ein imponert Ivar Hellebø i Fusa Røde Kors.

— Folk har kome med mat, dei har vore her for å bidra med å gå ut og leita, hjelpa med transport, køyra til og frå, listar han opp.

— Det er ufatteleg korleis frivilligheita har stilt opp, seier ein imponert Ivar Hellebø i Fusa Røde Kors.

Totalt har langt over 100 frivillige teke del, utan at Hellebø har det eksakte talet.

— Det har vore heilt vanvittig, seier Hellebø som fortel om ei utruleg stemning då mannen vart funnen vaken og bevisst etter over tre døgn.

— Det var smått utruleg, konstaterer Hellebø.

Han fortel at det søndag føremiddag har vore debrief i Fjorden Arena med dei involverte, innsatsleiar og lagførarar.

Når me pratar med Hellebø, held dei på å gjera klar Røde Kors-huset, slik at ungdom som har behov for å koma saman, kan samlast der i ettermiddag/kveld. 

Kl 11 i morgon, måndag, vert det ope hus på Røde Kors-huset for alle som har vore involverte. 

— Då er alle hjarteleg velkomne til ein kopp kaffi og ein prat. Det vert på ein måte ei form for debrief, det også, seier Hellebø.

Han nyttar også høvet til å retta ei stor takk til Norske Kvinners Sanitetsforening som stod for bevertninga i Fjorden Arena.

Powered by Labrador CMS