Klare: – Me har flaumutstyr m.m. liggjande på beredskap, og er klare om noko skulle skje.

Det regnar kraftig, men så langt har det vore stille for brannvesenet

Brannvesenet er beredt om det kraftige regnet skulle by på ekstra utfordringar.

Det regnar kraftig søndag.

Yr.no har ikkje mindre enn tre gule farevarsel for Os (mykje regn, flaumfare og jord-, sørpe- og flaumskredfare) og eitt oransje og fire gule farevarsel for Eikelandsfjorden/Fusa (mykje regn, snø, jord-, sørpe- og flaumskredfare, flaumfare og betydeleg skredfare (oransje)).

Artikkelen held fram under annonsen.

Så langt kan Bjørnafjorden brann og redning heldigvis likevel melda om ein roleg dag.

– Så langt har det vore stille. Me får kryssa fingrar for at det held seg slik, opplyser vakthavande.

Dei er fem på vakt på Os-sida og fire på Fusa-sida, i tillegg til overbefal.

– Me har flaumutstyr m.m. liggjande på beredskap, og er klare om noko skulle skje.

Vassplaning og vassintrengingar i kjellarar er noko av det som kan oppstå ved slik kraftig nedbør.

– Me får håpa at folk har vore føre var og rydda unna kvist og lauv m.m, frå takrenneer og kummer, seier vakthavande, som kan konstatera at kollegaene på by-sida har hatt noko fleire oppdrag å hanskast med så langt i dag.