Må vera ærlege: - Her ligg det tidlegare vedtak til grunn i saka, som Frp har stemt for. Då må dei vera ærlege på det, meiner ordførar Trine Lindborg.

- Det som er oppsiktsvekkjande, er at Søviknes ikkje fortel heile historia og gjer dette til ei ny sak

Ordførar Trine Lindborg (Ap) reagerer på Terje Søviknes sine uttalar etter fredagens bom-vedtak i fylkesutvalet.

– Det som er det oppsiktsvekkjande i denne saka, er at Søviknes og Frp prøver å gjera dette til ei ny sak. Her ligg det tidlegare vedtak til grunn i saka, som Frp har stemt for. Då må dei vera ærlege på det, meiner Lindborg og held fram:

– I Stortinget stemte alle parti for, utanom fire representantar frå SV. Her må Søviknes stå for dei vedtaka som er gjort. Ver edrueleg og spel med opne kort.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Bom-saka: - Mildt sagt oppsiktsvekkjande

Ho legg til at «fylkespolitikarane Søviknes og (Gustav) Bahus heile vegen har stemt for denne avtalen og at Bahus faktisk var leiar i samferdselsutvalet i Hordaland i 2011-2015».

– Så dette er deira avtale.

Ho fortel at ho var i kontakt med sine partikollegaar på fylket før handsaminga av bom-saka fredag, men ho føler seg ikkje svikta av sine eigne etter vedtaket.

– Ord som at me skal vera svikta av våre eigne, får stå for Søviknes si rekning. Eg føler meg ikkje svikta. Det er ingen som ynskjer bompengestasjonar. Saka er at Ap til liks med fleirtalet i fylkesutvalet må halda seg til tidlegare vedtak og går inn for å sikra garantiansvaret for det planlagde innkrevjingsbeløpet (som skal gå til finansieringa av Rådal-Svegatjørn, red.anm.). Har Søviknes og Frp 500 millionar dei kan stilla som garanti for lånebeløpet til den nye vegen, spør Lindborg retorisk og legg til at «Frp i regjering med Jon Georg Dale som samferdselsminister heller ikkje ville overta garantiansvaret for dette beløpet».

Les også
Fleirtalet i fylkesutvalet vil ikkje greia ut saka om å droppa bom på Fanafjellet og Søfteland

Lindborg viser vidare til ordlyden i fredagens vedtak der det heiter at «vegsambandet og bompengeløysinga for E39 Svegatjørn-Rådal er godkjend og fylkeskommunen held seg til dette då fylket har stilt garanti for planlagd innkrevjingsbeløp».

– Dersom Staten svekkar finansieringsvilkåra på ein måte som gjer at fylkeskommunen sine vilkår for garanti vert endra, så vil ikkje Vestland fylkeskommune stå ved sine garantiforpliktingar utover vilkåra i St.prop for vegsambandet, heiter det vidare i vedtaket.

Les også
Ny E39: Fylkesrådmannen er negativ til å droppa bommane på Søfteland og Fanafjellet

Bjørnafjorden Ap har i partiprogrammet sitt at partiet ikkje vil ha bom på interne vegar i kommunen, og Lindborg vedgår at ho helst skulle sett at «utgangspunktet var annleis i saka om ny E39».

– Eg har framleis ein del spørsmål kring det praktiske i denne saka, men det viktige er å sikra at bebuarar på Søfteland og i Nordvik ikkje må betala bompengar på vegar internt i kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Bjørnafjorden Sp går imot innkrevjing av bompengar på omkøyringsvegar