Nye restriksjonar: Ondag kveld kom restriksjonane frå Bjørnafjorden kommune i samband med koronaviruset.

Dette er dei nye koronatiltaka i Bjørnafjorden kommune

Klokka 18 kom kommunen med nye tiltak og anbefalingar i samband med smittesituasjonen i Bergen.

Anbefalingane om smitteverntiltak gjeld frå og med 29. oktober til og med 26. november 2020.

For å hindra smittespreiing til Bjørnafjorden og dei andre nabokommunane til Bergen, anbefaler Folkehelseinstituttet (FHI) at Bjørnafjorden kommune innfører nokre av dei same smitteverntiltaka som Bergen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Sjølv om vi har hatt ein auke i smittetilfelle dei siste vekene, er smittesituasjonen i Bjørnafjorden kommune under kontroll. Samstundes er det jo slik at vi i Bjørnafjorden har tett kontakt med Bergen, både gjennom pendling, handel, kulturarrangement og sosiale aktivitetar. Difor anbefaler vi, etter råd frå FHI, nokre av dei same tiltaka hos oss, seier ordførar i Bjørnafjorden kommune, Trine Lindborg.

Desse anbefalingane gjeld i Bjørnafjorden kommune:

* Ikkje meir enn fem gjester heime, i tillegg til dei du bur med. Dette er i tråd med dei nasjonale retningslinjene.

* Maksimalt 50 deltakarar på offentlege arrangement utan fast sitjeplass. For arrangement med faste sitjeplassar gjeld framleis grensa på 200 personar.

* Bruk munnbind på kollektivtransport til og frå Bergen dersom du ikkje kan halda ein meters avstand. I Bergen kommune er det påbode med munnbind på kollektivtransport.

* Serveringsstader har system for registrering av gjester.

* Serveringsstader som serverer alkohol, slepp ikkje inn gjester eller serverer ikkje brennevin etter klokka 24.

* Lyden på utestader og serveringsstader er på eit slikt nivå at gjester kan halda ein samtale med ein meters avstand.

Artikkelen held fram under annonsen.

* For innbyggjarar i Bjørnafjorden kommune som er avhengige av kollektivtransport til arbeidsstad i Bergen, anbefaler vi heimekontor, der det er praktisk mogeleg og hensiktsmessig. Det same gjeld for bergensarar som har arbeidsstaden sin i Bjørnafjorden kommune.