Låg terskel: Politiet bed publikum ha låg terskel for å ringja politiet dersom dei observerer uvanleg aktivitet.

– Dette er den tredje meldinga denne månaden om slike tjuveri

Bed lastebil-eigarar vera merksame.

Politiet fekk tysdag inn nok ei melding om tjuveri av ei styringseining for lys frå ein Volvo lastebil. Denne gongen frå området Ulvenparken.

– Dette er tredje meldinga i september om slike tjuveri, opplyser innsatsleiar Atle Birkeland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politiet oppmodar innehavarar av slike køyretøy om å vera merksame og bed dei sikra bilane så godt det lèt seg gjera.

Politiet bed også publikum ha låg terskel for å ringja politiet dersom dei observerer uvanleg aktivitet rundt slike køyretøy og på næringsområde generelt.