Hegglandsdalsvegen: N/A

Diesellekkasje: — Brannvesenet måtte jobba iherdig

Både politi og brannvesen rykte ut då det kom inn melding om diesellekkasje.

Hendinga fann stad fredag ettermiddag i 16.30-tida i industriområdet som ligg langs Hegglandsdalsvegen.

— Eit laust kumlok skal vera årsaka til lekkasjen. Det skal ha slått hol i dieseltanken. Brannvesenet måtte jobba iherdig for å forhindra forureining. Det er eit vatn like ved, og det er tatt vassprøver. Det er oppretta undersøkingssak grunna potensiell forureining, fortel politibetjent Morten Haugland ved Bjørnafjorden lensmannskontor.

Artikkelen held fram under annonsen.

Natt til i dag i 02-tida skal ein bilist ha køyrd av vegen medan politiet såg på. Dette skjedde i nærleiken av kontrollflata på Søfteland. Bilen skal ha treft ein murvegg, men det er ikkje snakk om personskade eller skade på eigedomen.

— Det snødde ein del då. Bilførar fekk eit gebyr på 750 kroner. Han hadde vinterdekk, men mønsterdjupna var ikkje god nok særleg på det eine dekket. Han fekk også bruksforbod på bilen, fortel Haugland.