40-sona: UP var på plass etter skuletid fredag ettermiddag. Her frå ein tidlegare kontroll.

Dobbel trøbbel på Søfteland

Fredagen baud på 11 forenkla forelegg ved Søfteland skule og ein bilførar mistenkt for ruskøyring.

Mellom klokka 14.34 og 16.10, gjennomførte UP ein fartskontroll i 40-sona ved skulen.

Dei delte ut 11 forenkla førelegg. Den høgste farten som vart målt var 53 km/t.

Artikkelen held fram under annonsen.

I halv elleve-tida på kvelden, vart ein bilførar stansa på Søfteland, mistenkt for å ha køyrt i ruspåverka tilstand.

Vedkomande var ein mann i 40-åra frå Bergen. Han er meld av politiet og det er teke beslag i førarkortet hans.