Dei siste dagane har abonnentar som får vatn frå høgdebassenget på Bjørnen måtta koka vatnet. No er kokevarselet oppheva.
Dei siste dagane har abonnentar som får vatn frå høgdebassenget på Bjørnen måtta koka vatnet. No er kokevarselet oppheva. Foto: Illustrasjon, Os kommune

Drikkevatnet friskmeldt

To prøver, tekne med 24 timars mellomrom, syner at drikkevatnet frå høgdebassenget på Bjørnen ikkje er forureina.

Dermed vert kokevarselet oppheva, går det fram av ei melding på Os kommune si nettside.

Onsdag vart det sendt ut kokevarsel til abonnentar som får vatn frå høgdebassenget på Bjørnen av di rutinemessige vassprøver synte indikasjonar på forureining. No er altså vatnet friskmeldt, og dei som var råka har fått beskjed om at dei trygt kan bruka vatnet att.

camilla.kvamme@osogfusa.no