Heimesnikra: Her er bilen til Adam. Han hadde teikna på registreringsnummeret, som er delvis sladda på dette biletet.

— Eg er vanlegvis lovlydig, og vil be om orsaking til alle her ute som blei fornærma

Det er Adam som står bak det heimesnikra skiltet som politiet tok torsdag.

— Eg las at du hadde skrive om meg. Det er heilt rett det som politiet seier, men du må gjerne ta med ein kommentar frå meg også. Eg vil be om orsaking til dei alle dei her ute som blei fornærma av det der. Eg er vanlegvis ein lovlydig statsborgar, seier Adam.

Politioverbetjent Atle Birkeland sa fredag morgon til Os & Fusaposten at politiet hadde stoppa ein bil på Røtingavegen torsdag. Bilen skal ha hatt heimesnikra skilt.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Eg var klar over at det ikkje er lov. Det var dumt av meg. Eg skrev tydeleg på store skilt, slik at ein kunne sjå at det var meg. Som politiet sa, er registreringsnummeret rett. Det er berre det at eg missa avtalen ved Statens vegvesen førre veke grunna jobb. Eg skal få skilta på måndag, seier Adam.