To utviklingskonsesjonar: Tysdag kom beskjeden om at brørne Erlend og Sondre Eide, og dei andre tilsette i Eide Fjordbruk AS, kan gle seg over to utviklingskonsesjonar knytt til konseptet «Salmon Zero».

Eide Fjordbruk har fått tilsegn om to utviklingskonsesjonar

Konsesjonane er knytt til konseptet «Salmon Zero», og den eine konsesjonen er på 780 tonn MTB (maksimalt tillatt biomasse). Den andre på 425 tonn MTB.

Det går fram av ei melding frå Fiskeridirektoratet tysdag.

I juli 2016 søkte Eide Fjordbruk AS om tre utviklingskonsesjonar til realisering av konseptet «Salmon Zero», som er eit lukka sjøanlegg med full resirkulering av produksjonsvatn. Prosjektet er utvikla basert på masteroppgåva Erlend Eide, som er teknisk sjef i verksemda, skreiv på NTNU.

Artikkelen held fram under annonsen.

I desember året etter avslo Fiskeridirektoratet søknaden. Grunngjevinga var at direktoratet meinte at vilkåret om «betydeleg innovasjon» ikkje var oppfylt.

Avgjerda vart påklaga, og i eit vedtak frå Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) frå januar 2020, vart klagen teken til følgje. NFD slo fast at vilkåret om «betydeleg innovasjon» var oppfylt, og peika på at prosjektet, samla sett, ville innebera utvikling av ny teknologi.

– Vil undersøkja bruk av avfallsstoff som ein ressurs

Som oppfølging av departementet sitt vedtak, har Eide Fjordbruk sendt Fiskeridirektoratet oppdaterte opplysningar om økonomien i prosjektet og forslag til målkriterier, og tysdag kom altså den endelege beskjeden om at utviklingskonsesjonane vert gjevne med ein varigheit på 12 år frå lokalitetane er klarerte og tillatelsesdokument utstedt.

Av tilsegnsbrevet kan ein mellom anna lesa følgjande om konseptet «Salmon Zero»: «Salmon Zero» skal vera eit heilt lukka sjøanlegg med full resirkulering av produksjonsvatn. I anlegget skal det produserast matfisk fram til slakt. Produksjonen skal skje i lukka merdar i sjø. Resirkulering- og vassbehandlingssystema skal i hovudsak vera plasserte på land, og delar av vassbehandlinga skal integrerast i produksjonseiningane. På lengre sikt skal det vera mogleg å flytta alle installasjonar til sjø, med resirkuleringsanlegg om bord på eigna flåte. Anlegget skal vera modulbasert.

Vidare opplyser verksemda at slammet skal samlast opp og gjenvinnast.

– Eide Fjordbruk AS vil undersøkja bruk av avfallsstoff som ressurs, heiter det.

Prosjektet omfattar også automatisk telling og handtering av dødfisk, utvikling og bruk av nye sensorar og programvare, samt innsamling og bruk av informasjon og data frå anlegget, og ein autonom robot for vasking og overvaking av tankane.