Brannvesen og politi rykte ut då det kom inn melding om ein båt som låg under vatn og lak olje på Halhjem. (illustrasjonsfoto)

– Eigar har fått mange moglegheiter. No kan han angra, for dette blir dyrt for han

For vel ei veke sidan gjekk ein båt ned ved Halhjem ferjekai. I går starta båten å leka olje.

– Brannvesenet og politi rykte ut i går. Det er vel ei veke sidan båten gjekk ned. Eigaren har fått mange moglegheiter til å fjerna båten før han søkk. Det hadde vore mykje billegare å bestilla kranbil og få jobben gjort før det gjekk så langt. No må han nok betala for lensene til brannvesenet, i tillegg til å få båten heva. Han blir meldt etter forureiningslova, og kan nok venta seg bot frå politiet også, fortel politibetjent Sindre Hallem.