Uro: Det var fleire som skapte uro i Os sentrum natt til søndag.

Ein mann i 20-åra kan angra etter at han «gav politiet fingeren»

Truleg ventar det bot på den unge mannen.

Det var natt til søndag at hendinga oppstod. Mannen i 20-åra viste langfingeren til politiet, og blei meldt for forholdet.

– Dette skjedde i Os sentrum, i 02.30-tida, opplyser politiet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er fleire som skal ha vore aggressive denne natta. Totalt blei fire personar vist bort frå sentrum mellom klokka 03 og 04 natt til søndag. Ei kvinne og tre menn.

– Fleire var involverte i ordensforstyrring natt til søndag. Det er ikkje same sak, men fire ulike forhold. Ei kvinne og tre menn skapte uro og var verbalt aggressive, opplyser politiet.