I føremiddag gjennomfører ein siste gjennomslaget i tunellarbeidet på ny E39 Os-Bergen.
I føremiddag gjennomfører ein siste gjennomslaget i tunellarbeidet på ny E39 Os-Bergen. Foto: Geir Brekke, Statens vegvesen

Ein stor dag for Rådal-Svegatjørn-prosjektet

Ein ny milepåle vert nådd for vegen mellom Os og Bergen i dag.

I føremiddag gjennomfører ein nemleg siste gjennomslaget i tunellarbeidet.

Gjennomslaget skjer om lag 50 meter inne i den 9,2 kilometer lange Lyshorntunellen, som går mellom Rådal og Enedlausmarka.

Vegen blir bygd som fire felts motorveg. Tunnellengda blir på tilsaman 14,7 km - av total veglengde på 17,7 km. Den lengste tunnelen er

nettopp Lyshorntunnelen.

Skogafjellstunnelen på 1,5 km er lengst sør på veganlegget, mellom Svegatjørn og Endalausmarka. I Endalausmarka vert det bygd ein ny fylkesvegarm på 1,1 km som knyt E39 til Lyseklostervegen og nye næringsområde. Dagsona gjennom Endalausmarka blir på 1,1 km, og ender opp i Lyshorntunnelen i nordenden av marka. Lyshorntunnelen kjem i nord ut i Rådal, med ei kort dag-sone og kryssområde på 200 meters lengde. Vidare nordover går E39 gjennom den 2,2 km lange Råtunnelen. Denne tunnelen kjem i fjellet vest for dagens vegsystem forbi Rådal og Laguneparken.

Ny vegline held fram til dagens rv. 580 sør for Troldhaugtunnelen. Dagens rv. 580 blir også lagt i tunnel mellom Sørås og Skeievatn, med nytt kryssområde på Flyplassvegen ved Skeievatn. Det blir bygd toplanskryss – kryss i to høgder - i alle dagsonene mellom Svegatjørn og Rådal.

Dagens køyretid utanom høgtrafikk-periodane er på om lag 35 minutt. Ny veg gir ei redusert reisetid på om lag 17

minutt.