Ole Bulls veg, Søvikåsen.

Eit vogntog står fast i Søvikåsen

Det blir meldt om at eit vogntog står fast på Ole Bulls veg.

I Facebook-gruppa Trafikkmeldinger Fanafjell, blir det meldt om at eit vogntog har køyrd opp Søvikåsen, og står fast. Vidare står det at politiet er varsla.

Politioverbetjent Anne Lyssand stadfestar at dei har fått meldinga, og at patruljen er på staden.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Noko meir informasjon har eg ikkje no, seier ho.