Nærkontakt: Mannen er nærkontakt til eit tidlegare påvist smittetilfelle i Bjørnafjorden kommune.

Eitt nytt tilfelle av korona torsdag

Ein mann i 50-åra har fått påvist covid-19.

– Mannen er nærkontakt til eit tidlegare påvist smittetilfelle i Bjørnafjorden kommune, og har vore i karantene i heile perioden kor han kan ha vore smitteførande, opplyser kommunen.

Det er difor ingen nærkontaktar å varsla.