Syt for at det finst minst éin trygg og edru vaksen til stades for borna, rår Anne Kristine Bergem (øvst t.v.). Ho gjev råd saman med Tale Maria Krohn Engvik (øvst t.h.), Per Arthur Andersen (nedst t.v.) og Siri Håvås Haugland (nedst t.h.). Hovudbiletet er eit illustrasjonsfoto.
Syt for at det finst minst éin trygg og edru vaksen til stades for borna, rår Anne Kristine Bergem (øvst t.v.). Ho gjev råd saman med Tale Maria Krohn Engvik (øvst t.h.), Per Arthur Andersen (nedst t.v.) og Siri Håvås Haugland (nedst t.h.). Hovudbiletet er eit illustrasjonsfoto.

Ekspertar kjem med råd til foreldre om alkoholinntak: – Dei aller fleste born liker foreldra best når dei ikkje har drukke

Helsesista og tre andre ekspertar gjev råd om korleis alkoholbruk i ferien påverkar borna.

Sommaren er høgsesong for alkoholforbruk, samstundes som at ein gjerne er tettare på familien. Men kor mykje er det eigentleg greitt å drikka framfor borna? Og korleis blir dei påverka av foreldra sin drikking?, skriv organisasjonen Av-og-til i ei pressemelding.

Kan bli utrygge og redde

Organisasjonen jobbar for betre alkoholvet kring born, og har spurt fire ekspertar om alkoholbruk rundt born i ferien. Blant desse, er «Snapchat-helsesjukepleiar», Tale Maria Krohn Engevik, kjend som «Helsesista».

Artikkelen held fram under annonsen.

– Når eg spør born og unge om korleis dei opplever det når vaksne drikk, svarar nokon at det ikkje er noko problem. Men dei aller fleste born liker foreldra sine best når dei ikkje har drukke. Veldig mange fortel om episodar dei hugsar der dei blei utrygge eller redde, fortel ho.

Merkar kjapt ei endring

Helsesista får støtte av psykiater og førstelektor Anne Kristine Bergem ved OsloMet – Storbyuniversitetet.

– Vaksne trur gjerne at ein ikkje kan merka at dei har drukke før etter eit par glas, men born merkjer dei minste endringar veldig kjapt, fortel ho, og peikar på at ein gjerne kan kjenna sine eigne born, men ikkje nødvendigvis andre born i nærleiken.

– Har born tidlegare hatt erfaring med ubehag ved alkoholinntaket til vaksne, kan dei vera ekstra vare og starta å kjenna på eit ubehag for eksempel om det blir bestilt alkohol på ein restaurant eller det blir sat flasker på bordet.

Yngre er meir sårbare

Forskar Siri Håvås Haugland ved Universitetet i Agder fortel at jo yngre borna er, jo meir sårbare er dei for endringar i veremåte, og at dei har behov for tryggleik.

– Det har vist seg at born heilt ned i førskulealder utviklar forventingar til korleis alkohol verkar ut frå alkoholbruket til foreldra. Mange foreldre drikk heldigvis mindre når borna er små.

Undersøkingar tyder på at tal born som ser foreldra rusa, aukar frå ungdomsskule til vidaregåande skule.

– Om det skuldast at born i større grad legg merke til kva foreldra gjer, eller om fleire foreldre faktisk drikk seg rusa saman med borna når borna blir eldre, veit vi ikkje, seier Håvås Haugland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Born skal læra av foreldra

Helesista gjev foreldre råd om å snakka saman både før og under ferien.

– Om alkohol er viktig, korleis gjer vi det då på ein måte slik at det blir ok for alle? Kva er nok? Kva gjer ein om nokon blir fulle i nærleiken av borna i sommar? Dette er noko som ein bør snakka om på førehand.

I tillegg bør ein snakka med borna.

– Alle born er heilt ulike, så ein må faktisk spørja kvart enkelt born om korleis dei opplever alkoholbruken til foreldra. Sjølv om eit born opplever at foreldra tek seg eit glas vin til maten som heilt ok, er det ikkje då slik at alle born automatisk opplever det same. Søsken reagerer, føler og tenkjer også ulikt.

Helsesjukepleiar og «Helsebror», Per Arthur Andersen, oppmodar foreldre til å vera bevisste på sine roller.

– Ein er forelder før ein er vaksen som drikk. Det er greitt å nyta alkohol, men kjenn på din avgrensing. Forelderen er rollemodellen som barnet lærer av, seier han.

Kan ikkje velja bort ubehagelege situasjonar

Psykiater Anne Kristine Bergem seier at ho som utgangspunkt oppmodar foreldre til ikkje å drikka framfor born på ferie. Om ein ønskjer å nyta alkohol, bør ein gjera det når borna er andre stader, meiner ho.

– Drikk lite. Syt for at det finst minst ein trygg og edru vaksen til stades for borna. Born kan tola at andre vaksne drikk og endrar seg, om deira eigne nærmaste vaksne er trygge i situasjonen, og kan forklara kva som skjer.

Artikkelen held fram under annonsen.

Forskar Siri Håvås Haugland har ei tydeleg oppmoding til foreldre i ferien.

– Ikkje drikk slik at ein blir rusa med born til stades. Born er spesielt sårbare i møte med fulle vaksne, fordi dei i liten grad har kontroll over situasjonen. Dei kan ikkje alltid velja bort ein ubehageleg situasjon, seier ho.