Hindra kvitvasking: Nye reglar for å hindra kvitvasking krev at kundar i banken må identifisera seg for eksempel med pass, førarkort eller bank-id.

Eldre fryktar stengde bankkontoar etter nye krav til identifisering

Nye bankkrav gjer at kundane må møta opp og identifisera seg for banken sin. Dersom ein ikkje gjer det, kan kontoane verta stengde. Det kan vera ei utfordring for fleire eldre.

Nye reglar for å hindra kvitvasking krev at kundar i banken må identifisera seg for eksempel med pass, førarkort eller bank-id. Fleire har fått melding om dette dei siste dagane og mange eldre utan legitimasjon er bekymra, skriv NRK.

Har ein fått beskjed om å gjera dette, og ikkje gjer det innan fristen, kan alle kontoar og tenester bli stengde.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ikkje lett for alle å identifisera seg, og då prøver vi å finna løysingar for dei det gjeld, og det lèt seg som regel gjera, seier kommunikasjonsdirektør i Nordea, Christian Steffensen.

Steffensen legg til at han forstår frustrasjonen til dei eldre, men peikar på at det er lovpålagde krav, som har til hensikt å forhindra svindel.