Hurtigtestar: – Nokre elevar er sette i karantene. Dei øvrige elevane i klassen får utdelt hurtigtestar som dei skal ta heime med nokre dagars mellomrom.

Elevar i karantene etter påvist smitte på Os ungdomsskule

Dei øvrige elevane i klassen får utdelt hurtigtestar.

To personar fekk påvist covid-19 i helga. Det opplyser kommunen måndag.

Det eine tilfellet er ei kvinne i 30-åra. Her er smittevegen ukjend.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det andre tilfellet er ein elev på 10. trinn ved Os ungdomsskule. Her er smittevegen kjend.

– Nokre elevar er sette i karantene. Dei øvrige elevane i klassen får utdelt hurtigtestar som dei skal ta heime med nokre dagars mellomrom. Testane er i staden for karantene, opplyser kommuneoverlege Klaus Melf.

Dette er i samsvar med dei nye, nasjonale reglane for unntak av karantene for personar under 18 år.

Les også
No kan born og unge bli hurtigtesta heime i staden for å gå i karantene

– Dersom ein elev får luftvegssymptom - blir forkjøla, har sår hals, blir hås eller liknande - skal han eller ho ikkje gå på skulen, men gå i karantene og bestilla vanleg test på teststasjonen. Uvaksinerte husstandsmedlemer skal i slike tilfelle gå i ventekarantene til prøvesvaret er klart, understrekar Melf.