Håpar på ei endring: Svikten i omsetnad har vore stor dei siste månadene, fortel Arne Bergsvik.

Etter at alle utgifter til verksemda var betalt, sat Arne att med 5.000 kroner til seg og familien i februar

— Det er ikkje mykje for ein mann i Noreg å halda familien med i ein månad, seier Arne Bergsvik.

Det er mange verksemder som slit grunna koronapandemien og påfølgjande restriksjonar sett av styresmaktene. Arne Bergsvik og Handelslaget i Strandvik er blant desse. Onsdag førre veke, før han nok ein gong måtte stenga kranene, var det fleire lokale som var innom for å eta og drikka — gjerne for meir enn dei hadde planlagt.

Les også
Det såg mørkt ut for Handelslaget i april, men sommaren skulle endra på det

— Vi gjorde det fordi vi ønskjer å støtta Arne og familien. Vi ser at dei slit, og vi ønskjer at dei skal ha det bra. Dei er alltid takksame for at vi kjem innom. Vi gjer det vi kan for å støtta Handelslaget, og håpar at folk ikkje tek dette tilbodet for gitt, seier Monica Reuter, som bur i Strandvik.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho har oppretta Spleis til inntekt for Handelslaget. Dette er andre gongen at ein forsøkjer å samla inn midlar til Arne og familien.

— Det har kome inn vel 14.000 kroner. Det er ikkje veldig mykje, men eg håpar at fleire ønskjer å bidra. Eg ser føre meg å la spleisen vera open gjerne ut april, seier Reuter.

Takksam og rørt — og litt brydd

Arne Bergsvik ser todelt på merksemda. På éi side ønskjer han ikkje at folk i Strandvik skal gå rundt og synast synd på han. Samstundes er han utruleg rørt og takksam over støtta.

— Eg takkar av heile mitt hjarta. Folk bryr seg om meg og oss. Det er tydeleg når dei reagerer så snart og vil hjelpa, seier Bergsvik.

Han legg ikkje skjul på at det er vanskeleg å tena pengar når det stadig er restriksjonar. Han har opplevd at det kjem folk forbi som ikkje vågar gå inn på grunn av korona.

— Vi har eksempel på at det har vore bergensarar på utsida som helsar på folk gjennom glaset, og seier at dei ikkje kan koma inn fordi dei er redde for at dei kan smitte nokon med korona. Det er klart at folk også blir påverka når dei får beskjed om å halda seg innandørs helst og ikkje ferdast blant folk, seier Bergsvik.

I april i fjor sa restaurantdrivaren at det såg mørkt ut om situasjonen ikkje endra seg. Nokre veldig gode sommarmånader gjorde at situasjonen endra seg, før det blei mørkt igjen. Sal av gåvekort rundt jul hjelpte på, men no er det knalltøft igjen.

Tøft økonomisk: Det er tøffe tider for Arne Bergsvik og Handelslaget.

5.000 kroner som skal dekkja alt

Arne finn det vanskeleg å få støtte frå staten, og når han har ein så stor omsetnadssvikt som han har, er det avgrensa kor lenge han kan halda på.

Artikkelen held fram under annonsen.

— I februar selde eg for 45.000 kroner. Om ein tek bort faste utgifter og kostnader, så sat eg att med 5.000 kroner som skal halda til kona og meg, og eit par av barna. Det er ikkje mykje for ein mann å halda familien med i Noreg i ein månad, seier Arne.

Med tida har kona og alle dei fire barna kome til Noreg. Bort sett frå korona, restriksjonar og sviktande inntekter i Handelslaget, har familien det fint i Noreg.

— Mine to soner har flytta til Os. Yngstemann har fått seg jobb og klarar seg på eiga hand, noko som hjelper på. Yngste dottera mi går på Os gymnas og gjer det flott der, medan eldste dottera mi har fått seg deltidsjobb og stundom hjelper til på Handelslaget. Vi har kome fint på plass, seier Arne.