Trygt heime: Her er Milli heime att på sofaen hos matmor Inga.

Etter meir enn eit døgn på rømmen, er Milli endeleg heime igjen

Eigaren rettar ei stor takk til alle som har hjelpt til med å leita.

Matmor Inga Martūzaitė er svært letta etter at halvt år gamle Milli i dag kom heim att.

Ho fortel at Milli vart funnen av ein familie som køyrde gjennom Hegglandsdalsveien i halv fire-tida. Dei såg den vesle hunden ved eit busstopp nær huset til Inga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Milli hadde med andre ord vore i nærleiken heilt sidan ho vart borte i sju-tida fredag morgon.

Endeleg heime: Jammen godt å koma heim til sofaen og matmor Inga.

Sidan Os & Fusaposten skreiv om vofsen i går, er saka blitt delt meir enn 250 gonger. Matmor Inga kjem med fylgjande helsing til slutt:

— Tusen takk til alle som har lest og delt innlegget om Milli i avisa eller på «Os kjøp,salg og bytte». Takk til «Rømlingen» og tusen hjarteleg takk til Ane Bøthun Leganger og hennar venninne for hjelp med å finna Milli.