Må heilt ned i rundkøyringa: – Skal ein oppover til Moberg når ein kjem frå Oseana, må ein heilt ned til rundkøyringa for å koma over vegen, påpeikar bebuar.

Etterlyser gangfelt ved Oseana-innkøyringa

Ein av bebuarane i Os Sjøfront saknar gangfelt frå innkøyringa til Oseana til Vognhallen-sida.

– Skal ein oppover til Moberg når ein kjem frå Oseana, må ein heilt ned til rundkøyringa for å koma over vegen. Det hadde også vore ønskeleg med eit busstopp same stad. Det er ei naturleg busslomme der, skriv bebuaren og tenkjer på arealet som er på «Mobergssida» av Vognhallen.

Bebuaren minnar om at det er 120 leilegheiter i området ved Oseana og at både publikumarar og tilsette ferdast her dagleg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Agnete Haugland er avdelingsleiar for samferdsel i kommunen. Ho har vidaresendt førespurnaden til Vestland fylke då det er dei som har ansvaret for fylkesvegane.