Fann forlaten bil: Det var på Hegglandsdalsvegen at politiet fann ein bil som stod parkert i autovernet.

Fann bil som stod lent på autovernet: Eigar hevdar å ikkje vita kven som har køyrd bilen

Tidleg laurdag morgon fekk politiet melding om ein bil som hadde køyrd av vegen i Hegglandsdalen. Det viste seg å vera tilfelle.

— Vi fann ein bil som stod lent inntil autovernet. Det var eit stykke etter Borgafjell barnehage, men før industriområdet. Bilen var kald, så han hadde nok stått ei stund. Vi klarte ikkje å finna bilføraren. Det er nok nokon som sit med dårleg samvit ein stad, seier politibetjent, Sindre Hallem.

Vidare fortel Hallem at dei har vore i kontakt med eigar av bilen, men så langt har dei ikkje oppretta sak.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Eigar påstår at han ikkje veit kven som har køyrd bilen. Eigar er ein mann fødd på 70-talet, seier Hallem.