Forsøpling: Dette fann Haldor Fosse då han gjekk på tur i Osmarka før helga.

Fann gamal leirplass i Osmarka: – Ikkje alle ryddar leirplassen sin like godt

Haldor Fosse kom litt utanom stien på veg mot Knutabruo, og kom over mykje som ikkje høyrer heime i naturen.

– Det er nok ikkje nokon som har slått leir nyleg. Det såg ikkje slik ut i alle fall. Truleg har det lege slik ei stund. Ikkje alle ryddar leirplassen sin like godt, seier Fosse.

Det var då han gjekk tur i Osmarka torsdag ettermiddag at han kom over bosset.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg kom litt ut frå den vanlege stien, og enda opp med å følgja Oselva opp mot Knutabruo. Der fann eg det, seier Fosse.

Presenning, klede og ein del andre ting, var det han kunne sjå. Fosse hadde ikkje mykje lyst til å starta å rydda i det som låg der.

– Eg hadde ikkje høve til å ta med meg så mykje. Ikkje var det så appetittleg å hufsa i det heller. Vått var det også, seier han.

Kven som får, eller tek ansvaret med å rydda opp, er uvisst.

– Det rimelegaste svaret er at dei som har gått frå dette, kjem attende og tek ansvar, men det er nok ikkje så lett å finna ut kven som står bak, seier Fosse.